søndag 1. mars 2009

Oppsummering

På torsdag før vinterferien hadde eg bursdag, så gjekk eg ned på ol og hadde venta at berre det skulle være noen par folk der som skulle sjå film og ete is, men så når eg kom inn så var heile sofaen full av folk og dei song bursdags songen for femte gong (Ein gong i engelsk timen, ein i norsk timen, ein i formgjeving og ein av russen med ein gong eg kom inn til middag). Og eg fekk ein pakke med ein stor stratos, to kjærleik på staur (kjælighet på pine) og ein maoam. Også fekk to kort der det stod kor glad dei var i meg (: Og til mat fekk eg: litt brent kake, chips, pizza (og noko meir men huska ikkje :P) Også såg vi: How she move.
Etter da såg eg ein spennande handball kamp mellom balestrand og dale. Der balestrand tapte… Etter da gjekk eg opp på resten av møte, der eg fekk med meg siste songen også var da slutt :P Så dette har vært den beste bursdagen i mitt liv!

Når eg kom heim på fredag fekk resten av bursdags presangane som bestod av ein koffert, jakke, penga, smykke og det fine eg prøvde og henge opp på veggen. Og på onsdag fekk eg den siste presangen som var den første sesongen av Veronica Mars!! Ein av favoritt seriane mine (eller kanskje favoritt :P)

Og resten av tida har eg bare slappa av og sett Veronica Mars :P

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar