fredag 20. mars 2009

Korturne del 1

Fredag den 13 reiste me på turn'e med koret.
Den var ein stor fin buss som venta på oss nede på skuleplassen, mykje betre enn bussen vi tok på krik turen. En gammel skrangle kasse som grodde mose i vindauga. Nei denne bussen hadde fine setter og to skjermar som vi skulle sjå film på. Og når alle var satt seg i bussen reiste vi av stad. Og ikkje lenge etter fekk me velge ka slags film vi skulle sjå. Valget sto mellom "Freaky Friday" ein film eg har sett mange ganga og "Harry Potter og føniksorden" ein utuleg dråleg film! Så gad eg ikkje å stemme for begge var like fristane å sjå. Og det blei ein klar seier til "Freaky Friday."
Kort om handlinga:
Lindsay Lohan og Jamie Lee Curtis som en datter og mor som skifter kropp på grunn av ein forheksa kinesisk fortune cookie. Det er også stjerner TV skuespiller Mark Harmon (NCIS) og Chad Michael Murray (One Tree Hill) :)


Etter filmen satt eg meg godt til rette og begynte å høyre på musikk, men eg fekk ikkje sitte lenge før Eldrid Marie kom og spurte om eg skulle bytte plass med ho, slik at ho kunne få lov til å lese. Så eg satte meg fram til Marte. Og ikkje lenge etter da, kom May og spurte meg om eg kunne sette meg bak til Anna Irene slik at ho kunne snakke med Marte. Artig. Eg følte meg som ein pappkasse som dei flytter rundt for den stod i veien.



Også endeli var me frame på vår første stoppe plass, Gol. Med ein gang me kom fram skulle me skifte kler. Og eg måtte skifte for første gang på guttedoen for det var så lang kø. Noke som guttane klage på gjennom døra. Etter da kom me fram opp på sena og blei møtt av et spent men lite publikum. Under alle sangane blei det smilt og muntra opp fra guttane i publikumet. Som var ivrig med å klappe under "Oh Happy Day" Eg synst faktisk at da var der vi gjorde da best!
Etter vi var ferdige med sangane spiste vi kledsmat også fant vi fram madraser og krøp inn soveposen og sovna nesten med ein gang.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar